Home 🎬 Bollywood 🎵 Pakistani 🎤 English Pop

Mot soleglad

👤 Treekrem, Lynni 🎼 Haugtussa ⏱️ 3:52
🎵 679 characters
⏱️ 3:52 duration
🆔 ID: 10247582

📜 Lyrics

Det stig av hav eit alveland
med tind og mo;
det kviler klårt mot himilrand
i kveldblå ro.

Eg såg det tidt som sveipt i eim
bak havdis grå;
det er ein huld, ein heilag heim,
me ei kann nå.

Ho søv, den fine tinderad
i draume-bann;
men so ei stund ved soleglad
ho kjem i brand.

Når dagen sig som eld og blod
i blåe-myr,
det logar upp med glim og glod
og æventyr.

Det brenn i brè og skjelv og skin
med gullan-bragd,
og lufti glø'r i glans av vin,
sylv og smaragd.

Men av han døyr, den bleike brand,
som slokna glod,
og klårt som fyrr ligg alveland
i kveldblå ro.

Eg lengta tidt på trøytte veg
der ut til fred;
men landet fyrst kann syne seg
når sol gjeng ned.

⏱️ Synced Lyrics

[00:29.45] Det stig av hav eit alveland
[00:33.97] med tind og mo;
[00:38.43] det kviler klårt mot himilrand
[00:43.01] i kveldblå ro.
[00:47.51] Eg såg det tidt som sveipt i eim
[00:52.04] bak havdis grå;
[00:56.56] det er ein huld, ein heilag heim,
[01:01.12] me ei kann nå.
[01:05.62] Ho søv, den fine tinderad
[01:09.23] i draume-bann;
[01:13.71] men so ei stund ved soleglad
[01:18.38] ho kjem i brand.
[01:22.82] Når dagen sig som eld og blod
[01:27.33] i blåe-myr,
[01:31.93] det logar upp med glim og glod
[01:36.48] og æventyr.
[02:14.25] Det brenn i brè og skjelv og skin
[02:20.70] med gullan-bragd,
[02:25.14] og lufti glø'r i glans av vin,
[02:29.69] sylv og smaragd.
[02:34.27] Men av han døyr, den bleike brand,
[02:38.78] som slokna glod,
[02:43.28] og klårt som fyrr ligg alveland
[02:47.80] i kveldblå ro.
[03:09.53] Eg lengta tidt på trøytte veg
[03:14.07] der ut til fred;
[03:18.66] men landet fyrst kann syne seg
[03:23.16] når sol gjeng ned.
[03:46.61]

⭐ Rate These Lyrics

Average: 0.0/5 • 0 ratings