Home 🎬 Bollywood 🎵 Pakistani 🎤 English Pop

Draumen

👤 Glittertind 🎼 Blåne for blåne ⏱️ 4:43
🎵 1053 characters
⏱️ 4:43 duration
🆔 ID: 12252055

📜 Lyrics

Det var natt,
og du låg og såg i taket.
Og du tenkte du må ut -
Det kan hende det er noko
du har gløymt -
Og at alt ikkje er ondt
slik du har drøymt.

Så du gjekk,
ut og dreiv omkring i skogen.
Då med eit så fekk du sjå -
Ein himmel opna seg
så klår og rein -
Og våren lo til deg
frå kvar ei grein.

Han sa: Per, å, du Per,
Å hei, og hopp!
– og er du no der!
Og kjenner du ikkje,
ikveld, ikveld,
/: at livet, det er no det likaste lell?:/

På eit strå,
så kraup ei lita larve.
Og du tenkte det var deg –
Kvifor byrjar alt det vakre
i det små?
Kvifor vere blind for alt
når du kan sjå?

Så du drakk,
ut av duft frå gras og blomar.
Og du blåste frå din barm -
Alt det skrotet og
det skrapet frå ifjor -
Det tok vinden opp
og vifta så det fór.

Han sa: Per, å, du Per,
ko-ko, titt-titt!
– og er du no der!
Og kjenner du ikkje,
ikveld, ikveld,
/: at livet, det er no det likaste lell? /:

Ja, du Per, å, du Per,
Å hei, hurra!
– no er han her!
Og det kan han kjenna
ikveld, ikveld,
at livet, det er no det likaste lell!

⭐ Rate These Lyrics

Average: 0.0/5 • 0 ratings