Home 🎬 Bollywood 🎵 Pakistani 🎤 English Pop

Etter stormen

👤 Glittertind 🎼 Himmelfall ⏱️ 4:29
🎵 1215 characters
⏱️ 4:29 duration
🆔 ID: 12253528

📜 Lyrics

Etter stormen såg eg ingenting
Ingenting av alt eg såg
Etter stormen dreiv eg rundt i ring
Og undra på kor landet låg

Etter stormen blanke auge bar
Himmelen så rar og bleik
Etter stormen fann eg ingen svar
Viljevarden visna veik

Eg kom drivande som båt i brann
På dei blåe bylgjer knust i strand

Eg drøymde ein draum
Eg trudde var sann

Eg levde eit liv
Som forsvann
Eg drøymde ein draum
Eg trudde var sann

Etter stormen reiv ut ryggen min
Såg eg ingen slott som skein
Etter stormen ingen Glitretind
Såg eg ingen himmelheim

Eg va'kje klar for denne kalde jord
Eg va'kje klar, eg hadde ingen ord

Eg drøymde ein draum
Eg trudde var sann
Eg levde eit liv
Som forsvann

Eg drøymde ein draum
Eg trudde var sann
Eg levde eit liv
Som forsvann

Eg ville flyge langt derifrå
Ut til allheimen den blå
Eg virra rundt i ein ynskjebrunn
Og lengta etter mysterium

Sjå verda spinn bak det kvite grå
Med alle skapningar på skrå
Me virrar rundt i ein ynskjebrunn
Og lengtar etter mysterium

Eg va'kje klar for denne kalde jord
Eg va'kje klar, eg hadde ingen ord

Eg drøymde ein draum
Eg trudde var sann
Eg levde eit liv
Som forsvann

Eg drøymde ein draum
Eg trudde var sann
Eg levde eit liv
Som forsvann

⭐ Rate These Lyrics

Average: 0.0/5 • 0 ratings